Hjelledalen - Laks, ørret, røye og ål

Innsjøen

Her kan de fiske svært bra med ymse utstyr. Slukar, fluge, makk, med eller utan båt. Fangst vil sikkert kome ganske fort. Innsjøen er forbunden med ei stor elv til Nordfjorden slik at laks, sjøørret og ål kan kome opp, og gå vidare opp i Hjelleelva.

Elva

Elva byr på flotte fiskeopplevingar. Her kan du fiske med flugestang, slukstang etter til dømes sjøørret og fjellørret. Elva vert berre nytta av få lokale fiskarar, og er lite nytta i turistsamanheng. Ikkje berre profesjonelle fiskarar, men og nybyrjarar og amatørfiskarar kan her få seg nokre fine fiskeopplevingar. 

 

Bilder

Click image to enlarge

Stryn Sommarskisenter

Ein populære aktivitet i Stryn.
Anten du er alpinist-, telemark-, snowboard-, fristil- eller langrenns-entusiast Ved Stryn Sommarskisenter kan du oppleve den unike skiopplevelsen sommarsnøv gjev. Sommarskisenteret kan tilby ein av verdens beste sommarsnø, to heisar, utleige av ski, skiskule for å nemna noko. Sommarskisenteret ligg ved Gamle Strynefjellsvegen, 15 kilometer aust for Hjelledalen hyttesenter.

Click image to enlarge


Click image to enlarge

Fjellturar

Frå hyttene og område rundt Strynevatnet, kan du gå turar i skog og fjell, og oppleve ein fantastisk natur. Det kan vere turar for heile familien, eller meir krevjande turar.

Vegar og stiar til fjellgardar, setrar og fjell like ved campingplassen.

Click image to enlarge


Click image to enlarge

Aktivitetar for små og store

Hjelledalen er òg koseleg for born. Det er god plass for leik og moro i friluft, og ein fin badeplass ligg berre 2 km vekke. Der kan ein leige båt dersom ein ønskjer å kome seg ut på vatnet, til dømes for å fiske. Eit koseleg alternativ kan vere ein grillkveld for heile familien her, sidan der òg er grillutstyr gratis tilgjengeleg for alle.

 

Click image to enlarge


Click image to enlarge