Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Jostedalsbreen Nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar, frå frodig edellauvskog i låglandet til isbre og høgfjell. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengde på vel 60 km og dekkar nesten halvparten av nasjonalparken. Nasjonalparksenteret ligg i Oppstryn, om lag 10 kilometer vest frå Hjelledalen hyttesenter. Av tilbod kan vi nemne panoramafilm om nasjonalparken, breutstillingar, villblomsterhage, natur og kulturstiar.



Briksdalsbreen

Lengst inne i Oldedalen ligg Briksdalsbreen, ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg. Briksdalsbreen er den mest berømte av dei mange brearmane til Jostedalsbreen. Briksdalsbreen ligg 75 km frå Hjelledalen hyttesenter. Du kan enten gå eller leige hesteskyss til breen. Turen er på 2.5 kilometer, og tar ca 45 minutt å gå. Brevandring på Briksdalsbreen har blitt eit særs populært tilbod. Briksdalsbre Fjellstove er eit godt utgangspunkt for ein tur til breen. Her er parkeringsplass, restaurant og suvenirbutikk.



Stryn Sommarskisenter

Ein av dei mest populære attraksjonane i Stryn.
Antan du er alpinist-, telemark-, snowboard-, fristil- eller langrenns-entusiast: på Stryn Sommerskisenter kan du oppleve den unike skiopplevelsen sommarsnø gjev. Sommarskisenteret kan tilby ein av verdens beste sommarsnø, to heisar, skiutleige, skiskule og mykje meir.
Sommarskisenteret ligg ved Gamle Strynefjellsvegen, 15 km. aust for Hjelledalen hyttesenter.



Geiranger

Geiranger er sjølve underet blant Fjord-Norges naturperler. Majestetiske, snødekte fjelltoppar, vakre og ville fossar, grøn og frodig dal, med den djupblå fjorden, - ja det er som eit eventyr. Bli med på fjordsightseeing og opplev det heile.
Eller følg vegane som klatrar bratt gjennom mange hårnålssvingar opp til Dalsnibba, Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Herfrå har du ei fantastisk utsikt over eit av verdens vakraste reisemål.



 

Videseter og Grotli med fjelllandskap. Opplev gamle Strynefjellsvegen.