Hjelledalen

 

Trivelige vinterisolerte hytter med kjøkken, stove, dusj, toalett/bad, 2 soverom og hems. Dei fleste hyttene har vedovn, men alle har elektrisk varme i tillegg. Kjøkkenet er utstyrt med alt nødvendig utstyr og kokeplater, kjøleskåp og vannkokar. Trådlaust internett og fjernsyn med NRK-kanalane er også inkludert i prisen. Kvar hytte har 4 enkeltsenger og ei dobbeltseng. Vi har sengekle og handkle til utleige, men også eingangssengesett for sal. Vaskeutstyr og støvsugar er også i alle hyttene.

 

Ute har hyttene veranda med campingbord og kullgrill til kvar hytte. Der er også ein stor plen som egnar seg godt til ballspel og leik. Området ligg ved starten av ein gang og sykkelvei som går til Folven der det er dagligvarebutikk, pub og skatepark. Fjellturmoglegheiter er der mange av, berre spør betjeningen for anbefalingar.

 

Geiranger, Stryn Sommarskisenter, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter og Briksdalsbreen er populære reisemål i nærleiken.

 

Nærmaste flyplass er Hovden. Den er 95km unna, men også Sandane, Førde, Sogndal og Førde er innanfor rekkevidde. Buss frå Trondheim, Ålesund, Bergen eller Oslo er eit godt alternativ om ein ikkje vil køyre sjølv.

Kart Hjelledalen

 

Aktivitetar

 

Stryn med Hjelledalen ligg innerst i Nordfjord. Hjelledalen byr på fantastiske naturopplevningar og aktivitetar både sommer og vinter. Her er over 200 merka turløyper om du vil vandra i mektige fjell og grønne dalar.

Du kan stå på sommerski, vandre på isbreer, eller hva med å henge midt oppe i ei bratt fjellside høgt over fjorden. Dei fleste kan klare Via Ferrata-løypa i Loen. Eller om du vil kan du bare nyte lange sommar dager med fiske på eit av dei mange vatna.

Ta også turen innom Stryn sentrum. Her finn du mange og koselige butikkar, kafear og resturantar. I Stryn og omeng har Moods of Norway, Skogstad Sport og Ricco Vero sitt opphav og hovedsete. De har butikkar med godt utval, og mange gode tilbod.

 

HJELLEDALEN HYTTESENTER 6798 Hjelledalen Mail: booking@hjelledalen.no Tlf: 97653572

Bilde fra Gamle Strynefjellsveg. Fjellvei fra Vestlander til Østlandet
Stryn sommerskisenter pause i slalombakken
Jostedalsbreen nasjonalparksenter. Info om senter om jostedalebreen
Brikdalsbreen. En arm av jostedalsbreen
Utsikt over Lovatnet

Bilde fra Gamle Strynefjellsveg. Fjellvei fra Vestlander til Østlandet
Stryn sommerskisenter pause i slalombakken
Jostedalsbreen nasjonalparksenter. Info om senter om jostedalebreen
Brikdalsbreen. En arm av jostedalsbreen
Utsikt over Lovatnet

HJELLEDALEN HYTTESENTER

6798 Hjelledalen

Mail: booking@hjelledalen.no

Tlf: 97653572

Brikdalsbreen. En arm av jostedalsbreen Bilde fra Gamle Strynefjellsveg. Fjellvei fra Vestlander til Østlandet Jostedalsbreen nasjonalparksenter. Info om senter om jostedalebreen Utsikt over Lovatnet Stryn sommerskisenter pause i slalombakken